Søvassli 40 år
05.09.09 kl. 21:40

Vidare med Jesus

Med 220 personar samla til jubileumsfest, vart det heilt fullt på Søvassli. 40 år som leirstad er ein stor milepæl, enno meir viktig er det at Søvassli framleis får vere ein plass som kan hjelpe personar tl å gå vidare med Jesus.
 
Sjå bilete frå festen nederst på sida
 
Torbjørn, Ranvieg, Ruth, Morten Arve
Fullt hus på 40års jubileum
Festkvelden den 29. august måtte starte med folk sittande i gangen, det var rett og slett ikkje plass til fleire i møtesalen. Ein fin fest fikk alle likevel. Randi og Asbjørn Barlaup og Ruth og Morten Arve Gjerde hadde planlagt jubileumsprogrammet, og Ruth Gjerde leia kvelden. Motto for kvelden var ”Vidare med Jesus”. Det er viktig at ein leirstad ikkje stagnerer, men ser vidare framover, og enno viktigare er det at vi som kristne ikkje stagnerer eller sovnar i trua.
 
Jubileumskake
Historia
Styreleiar Jon Roald Sandvik fekk æra av å opna festkvelden. Morten Arve Gjerde, som saman med Ruth har vore styrarpar i to periodar, viste bilete og fortalde historia om 40 år med utbygging og stor dugnadsinnsats. Det var to namn som vart trukke fram. Peter Ljøkjel og Anders Lidal var dei som fekk ideen om ein leirstad på fjellet. I 1968 kom Søvassli ut for sal, etter å ha vore eigd av eit målarlaug og vore dreve som høgfjellshotell. Det vart hektisk møteverksemd, før det vart bestemt at NLM skulle kjøpe plassen. Ein skulle så byggja ut etter kvart som ein fekk råda til det.
 
Dei to største prosjekta har vore å byggja på møtesalbygget og det nye internatet. Utan visjonære pådrivarar og utallige dugnadstimar hadde ikkje Søvassli vore i drift i dag. Det er i år òg 10 år sidan det nye internatet stod ferdig. Internatet vart eit løft som snudde ein tung periode for Søvassli. Pågangen har auka kraftig etter at internatet stod ferdig.
 
Mimring
Vi fekk òg høyra leirdeltakarar frå fire forskjellige tiår, frå den fyrste påskeleiren i 69 til i dag. Vi kunne høyra om ulike opplevingar og ganske ulik standard. Felles for alle var at dei fekk høyra om Jesus, og at dei fekk høyra om misjon på leir.
 
Gudbjørg Melland hadde ein flott prolog, der ho fekk med Søvassli si historie på rim. Songinnslag fekk vi av brødrene Gjerde og systrene Ruth Solbakk og Rannveig Gammelsæter (fødd Eldevik). Kjell Dahlene var talar på Vi over 60-leiren som var jubileumshelga. Han hadde òg andakten på festen.
 
Leirskole og konfirmantar
Nokre av dei faste brukararne kom med helsingar til jubilanten. Sodin skole i Hemne har vore på vinterleirskole på Søvassli sidan leirskoledrifta kom i gang. Sidan den gong har dei hatt nesten 2000 elevar på leirskole på Søvassli. Rektor Svein Ustad hadde sendt si helsing, og gav eit ekspemplar av boka om 50års jubileet til Sodin skole, der leirskole på Søvassli var via eit eige kapittel. Leirskolen legg det økonomiske grunnlaget for å ha leirdrift her på fjellet.
 
Av helgearrangement er det konfirmantleirar som fyller flest helger i året. Prost Birger Foseide hadde helsing frå Orkdalskyrkjelydene. Konfirmantane i Orkdal legg to langhelger i året til Søvassli. Foseide heldt og fram kor viktig det er å ha ein kristen leirstad i kommunen.
 
Leirarbeidet – oppdraget
Søvassli Ungdomssenter er eigd av både Trøndelag og Nordmøre krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Styreleiar Johan Jensen hadde helsing frå krinsstyret i Trøndelag og styreleiar Ivar Bergem hadde helsing frå krinsstyret på Nordmøre. Søvassli vart kjøpt av NLM for å driva barne- og ungdomsleirar og leirar for heile familien og vaksne. Det er dette leirarbeidet som er sjølve oppdraget til Søvassli. Til sjuande og sist handlar heile drifta om å leggja til rette for å samla barn og ungdom til leir, for så å utfordra dei til å til å gå vidare med Jesus.
 
Vegen vidare
Styreleiar Jon Roald sandvik og sstyrar Jan Ove Krutvik fortalde om utfordringar for Søvassli framover. Dei gamle stovene treng nytt golv og det vart lufta behov for større matsal. I dag har Søvassli eit internat med 88 sengeplassar, medan matsalen vert liten om ein er fleire enn 60 personar. Styret har ikkje gjort noko vedtak enno, men har byrja arbeide med tanken.
 
Servering – så klårt
Truleg har det aldri vore så mange samla til bords på ein gong. 220 personar vart bydd kveldsmatbuffet, med mange herlege rettar. Jubileumskaker vart det òg.
 
Det var veldig godt for oss på huset å sjå at vi har så mange støttespelarar. Å driva ein leirstad er ikkje arbeid berre for dei som er tilsette, ein er heilt avhengig av dugnadsinnstats, glade gjevarar og viktigast forbøn.
 
På sjølve festen kom det inn 39.588. Saman med det som er kome inn på giro er vi pr 04.09.09 oppe i 133.688 kroner. Vi er djupt takksame!
 
Tusen takk til alle som bidro til ein fantastisk festkveld, no ysnkjer vi at dykk vil vera med å gå vidare med Jesus.
 
Fullt hus2
Gudbjørg Melland med prolog
Jubileumskake
Kinstyreleiar Trøndelag Johan Jensen
Krinsstyreleiar Nordmøre Ivar Bergem
Leirdeltakarar frå fire tiår
Prost I Orkdal Birger Foseide
Gamle internat
Gamle internat mykje snø
Matsal og møtesal under oppføring
Flott praktisk og gjeldfritt, møtesal
nytt og gamelt internat
rom gamle internat
Fullt hus på 40års jubileum
Torbjørn, Ranvieg, Ruth, Morten Arve
Fullt hus på 40års jubileum
VidSyn utviklet av NLM IKT Service Design: NLM Visuell