
Ny leirskolelærar

Torgeir Eikli er tilsett som vikar for Margaret Krutvik.
-Eg gler meg til å dele turglede med elevane, seier Torgeir.
Torgeir er frå Fannrem, og arbeider fortida på IMI Stølen. No skal han kombinere arbeid på Stølen med leirskolen på Søvassli.
Kvifor vil du vera leirskolelærar?
På Imi har eg ein allsidig jobb. Det eg liker best er å jobbe utandørs med ungdommar. Når eg no skal vera leirskolelærar, så får eg gjera mykje av det. Det vert ei ny utfordring for meg å vera lærar. Eg har ei liknande rolle på IMI, men der er eg aktivitetsleiar. No gler eg meg til å dra på tur, og til å dela av kunnskapen min. Eg ser fram til flotte dagar til fjells og på vatnet.
Kva gler du deg best med leirskolen?
Eg gler meg mest til å vera mykje ute på tur. Eg gler meg til å dele turglede med elevane.
Du skal kombinere leirskolevikariatet med å vera tilsett på IMI Stølen i Oppdal, korleis trur du det går?
Det ser ut som at det skal gå veldig bra. Får hjelp frå instruktørane mine til å ta alle oppdrag i samhandlingsløypa medan eg er borte. I tillegg har eg ei som skal gjera ein del av rutinane når eg er på Søvassli. Må berre planlegge mest mogleg på førehand.
Med engasjement på to leirstader er det naturleg å anta at du har syn for arbeidet leirstadene driv. Kva er drivkrafta di i ditt engasjement?
Drivkrafta mi er at det er gøy. Eg liker å jobbe med ungdommar, i aktivitetar og oppgåver. Det er spanande å sjå korleis dei arbeider og løyser ulike opppgåver. På IMI underviser eg om samarbeid, samhald og verdiar i samhandlingsløypa. Det er ting eg brenn for, og som eg synes er spanande å undervise om.
Kommentarer
Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!