Nye fjes på Søvassli
På Førjulstreffet 2. desember vart dei siste tilskota på Søvassli til Søvassli staben presentert.
No er kabalen lagt, og styreleiar Jon Roald Sandvik kunne presentere tre nye tilsette på Søvassli.
Hilde Ølstørn byrjer som styrar. Ho arbeider no som lærar på Hegra Ungdomsskole. Norodd Berg vert ny vaktmeister, og Leif Martin Meland er ny leirskolelærar. På vegne av styret for Søvassli Ungdomssenter uttrykte Jon Roald Sandvik glede over å kunne presentere desse tre.
Samstundes markerte dette slutten for Margaret og Jan Ove Krutvik, som etter tre og eit halvt år sluttar på Søvassli.
- Det har vore nokre lærerrike og interessante år for oss begge. Særskild leirskolen har bydd på flotte arbeidsdagar. Vi er takknemlege for det vi har fått oppleve. Vi vil òg trekke fram damene som arbeider på kjøkkenet og med reinhald, som gjer ein kjempe god jobb med mykje helgearbeid, sa Jan Ove Krutvik.
På loddsal og åresal kom det inn over 17.000 kroner på Førjulstreffet. Vi er veldig takksame for den viktige støtta Søvassli får.
Her er trekningslista frå Søvassli-lotteriet
- John Deere leiketraktor – 403 John Fagerli
- New born baby- dukke – 171 Anne Grete & Leif Bakeng
- Hekladuk, gul – 477Hildegunn Tungesvik Gustad
- Hekladuk, kvit – 163 Anne Grete & Leif Bakeng
- Vifteovn – 814 Olli Gangås
- Fotskammels – 717 Joakim Ølstørn
- InVite Serveringsett – 547 Gudbjørg & Ottar Melland
- Manager Fleece-genser – 710 Kari Væge
- Trekrakk – 446 Kirsti Nedresæter
- Ravensburger Pusslespill – 766 Jostein Krutvik
- Trehylle med knagger – 138 Else Marie Ledal
Kommentarer
Ingen kommentarer her. Bli den første til å kommentere!

